Lauvsnes bedehus

Like gammalt som det kristne ungdomsarbeidet på Finnøy. Bedehuset blei bygd medan spanskesjuka herja på Finnøy 1918-1919. Bedehuset stod klart ved juletider 1919.

Frå før var det bedehus på Steinnesvåg, Reilstad og Judaberg. Så kvifor eitt nytt bedehus på Lauvsnes? Vel, den gong var det for langt å gå til Judaberg for dei som kom frå Mjølsnes, Roda osv. Derfor måtte grenda ha sitt eige bedehus.

Lauvsnes bedehus er ungdomane sitt bedehus. Dette er Finnøy Kr. Ungdomslag sin boltreplass. Men det er eit eige bedehusstyre som driv  huset. Det er eit prosjekt som vert prøvd ut slik at Finnøy Kr. Ungdomslag kan ta over det heile ansvaret for bedehuset.

Tor Øyvind Skeiseid - formann 92-93 og 95-97