90 år med kristent ungdomsarbeid!!

Vinteren 1918-1919 var kald og spanskesjuka herja over Finnøy. Torbjørn Pedersen frå Kinamisjonen hadde fleire møte på Reilstad og det braut ut vekking på Finnøy. Mange blei kristne, og fleire av dei var ungdomar. Måndag 17. november 1919 blei så Finnøy Kristelege Ungdomsforening stifta.

Berre 7 år gammal, i 1926, var laget trua av nedlegging. Iver og engasjement var fråverande. På årsmøtet blei det ein lang debatt, for eller mot nedlegging. Heldigvis vann tilhengjarane av Finnøy Kristelege Ungdomsforening fram. Og i 1932 kom oppturen. Igjen var det vekking med Kinamisjonen på Finnøy. Resultatet av vekkinga blei faktisk at ungdomsforeininga bestemte å melda laget inn i Kinamisjonen. Der skulle dei bli i 47 år.

I 1952 fekk også ungdomsforeininga fane, som er nytta i 17. maitog i over 50 år. På fana står det: ”Kristus vår hovding” og ”Finnøy Kristelege Ungdomslag”!!!!! Interessant at det står LAG når det var FORENING. Kanskje var dei framsynte om kva som skulle skje i 1979?

Mange på Finnøy snakkar om før og etter 1964. For frå januar til mars i 1964 var det ei stor vekking over øya. På det meste var det nærare 500 menneske inne på bedehuset Bethel på møte. Og vekkinga prega sjølvsagt ungdomsforeininga. Aktiviteten tok seg opp utover 60-talet. Men på styremøta diskuterte medlemene: ”korleis skal me få med dei unge?” For dei fleste som gjekk i ungdomsforeininga var ungdom i 20-åra.

1973 er eit merkeår i ungdomslaget/ungdomsforeininga si historie. Då starta laget opp med noko dei kalla ”Stikk-innom” på bedehuset Emmaus. Føremålet var å nå ungdom, ha litt spel og aktivitetar og dermed senka terskelen for å koma. Hausten 73 var det tre stikk-innom-kveldar, våren 1974 gjekk ein opp til fire kveldar! Men kritikken var sterk frå somme hald. Var stikk-innom kristeleg nok?

17. november 1979, på dagen 60 år etter at foreininga blei stifta, røysta 57 medlemer for at organisasjonen skulle stå fritt. 11 røysta vil framleis vera tilslutta Misjonssambandet. Fleirtalet danna Finnøy Kristelege Ungdomslag. Mindretalet heldt fram som Finnøy Kristelege Ungdomsforeining inn under Misjonssambandet.

Det var det nye laget som var mest aktivt, då dei aller fleste ungdomane var tilslutta ungdomslaget. Somme arrangement samarbeidde ungdomslaget og ungdomsforeininga om. Midt på 80-talet blei så Finnøy Kr. Ungdomsforeining lagt ned.

90-talet var kanskje det mest aktive i laget si historie. På det meste hadde ungdomslaget 120 tilstellingar i året. Kvar fredag og laurdag, samt i nokre år: ”kaffibaren”, eit onsdagstilbod for eldre ungdom. Variasjonen i arrangementa blei større, og Lausvnes bedehus blei ein naturleg treffstad.

I dag har Finnøy Kristelege Ungdomslag mannleg leiar, Terje Madland. Det har vore sju kvinner som har leia laget. Den første var Gunvor Foldøy (nå Ørjasæther) som var formann frå 1973-1974. Den som har leia laget lengst er Rasmus Orheim. Han var formann i 12 år, frå 1927-1937 og frå 1941-1942.

Tor Øyvind Skeiseid - formann 92-93 og 95-97